Me følgjer krav om smittevern frå folkehelseinstituttet, og både pasient og terapeut må vera heilt friske for å møta opp.

 

Me tek kontakt

Me tek kontakt med dei som har fått timane sine avlyst tidlegare og etter kvart dei som står på ventelista. Akutte saker blir som alltid prioriterte først. Me kan også tilby videokonsultasjonar ved behov.

Frisklivssentralen

Me avventar oppstart av frisklivssentralen sine tilbod litt til. Ordinære gruppetimar vil me måtte venta med å starta opp.

Møt presis

Ber om at du som har time møter presis for å unngå unødig samling av folk i venteromma. Fint om du ringer, sender sms eller e-post for å kontakta oss for time eller spørsmål i staden for å møta opp i lokala.

Sjå kontaktinformasjon under tenestene fysioterapi, ergoterapi og frisklivssentralen på heimesida til kommunen.