Rapporten er ei oppfølging av satsingsområdet «Skapt for aktiv livsstil» i samfunnsplanen og synleggjer potensialet for å få fleire innbyggjarar ut i naturen med små og store tiltak i nærnaturen kring bygdene våre.  

Skal legge til rette

Jamfør samfunnsplanen til Sogndal kommune skal kommunen legge til rette for at alle kan drive med fysisk aktivitet og friluftsliv. Med dette følgjer eit ansvar for å sikre moglegheita for rekreasjon og naturopplevingar for personar med nedsett funksjonsevne generelt, og born og ungdom med nedsett funksjonsevne spesielt.

Betre tilrettelegging av nærturar og møteplassar i naturen vil gi innbyggjarar med nedsett funksjonsevne betre føresetnader for gode liv. Kommunen ser også ein klart positiv verknad av slik tilrettelegging for andre brukargrupper, som eldre, småbarnsfamiliar og innbyggjarar som av ulike årsaker treng litt ekstra tilrettelegging for å komme seg ut i naturen. 

Kartlegging 

Fram til 2022 hadde ikkje kommunen ein heilskapleg oversikt over tilgjenge til naturområde for innbyggjarar med funksjonsnedsettingar. Med støtte frå Bufdir gjennomførte difor kommunen ein meir omfattande kartlegging i 2022 som no er tilgjengeleg.

Kartlegginga er gjennomført av Helene Rønningstad Halsos. Ho er tidlegare krykkebrukar med personleg erfaring frå å bruke friluftsområda våre som funksjonsnedsett. Som del av kartlegginga tok Helene også med seg andre personar med funksjonsnedsettingar ut i naturen. Kartlegginga skulle synleggjere to ting: Kva nærturar og møteplassar som er tilrettelagt for funksjonsnedsette i dag, og i grad kva nærturar og møteplassar kan bli betre tilrettelagt for funksjonsnedsette i framtida med små og store tiltak og investeringar. 

Tiltak og informasjon

Kartlegginga syner at alle tettstadene treng betre utforming av turvegar/-stiar og møteplassar dersom me skal legge til rette for at personar med funksjonsnedsetting skal bruke naturområda. I nokre bygder kan små tiltak utgjere ein stor skilnad, til dømes betre passasje forbi bommar, breiare kloppar, rydding av steinar i stien eller betre sittebenkar. I andre bygder vil det truleg vere naudsynt med meir omfattande tiltak for å etablere gode tilbod. Til dømes breiare og utjamna underlag på turstiane, omlegging av traséar eller heilt nye turstiar i flatt terreng.

God informasjon om flate turar er manglande i heile kommunen, og blir peika på som eit viktig supplement til den fysiske tilrettelegginga. Rapporten framhevar at godt tilgjengeleg informasjon som gjer det mogleg for brukarane å ta gode val er minst like viktig som god tilrettelegging.

Grunnlag for vidare arbeid

Rapporten vil bli brukt som grunnlag for kommunen sitt arbeid med friluftsliv gjennom etablering av interkommunalt friluftsråd, plan for friluftslivets ferdselsårer, samarbeid med frivilligheita om tilrettelegging i friluftsområde og betre fysisk og digital turinformasjon.

Kartleggingsrapport - universelt utforma og godt tilgjengeleg turar (PDF)