I tillegg til denne personen, fekk ein student som har vore i praksis ved skulen, svar tysdag på at vedkomande hadde testa positivt på korona.
- No har me to smitta som har tilknyting til skulen. Me jobbar med smittesporing, og vil i løpet av ettermiddagen og kvelden testa elevane i 6. klasse og tilsette ved skulen, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.
Det vil både bli teke hurtigtest og vanleg koronatest av dei som blir testa. Kommunen avventar resultatet av desse hurtigtestane, før det blir avgjort kva tiltak som skal setjast i verk.
- Me vil koma med oppdatert informasjon og eventuelle tiltak seint onsdag kveld, opplyser ordførar Arnstein Menes.