Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.
Målgruppa for ordninga er barn og unge til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.
Utanforskap handlar om å stå utanfor ulike arenaer eller fellesskap i samfunnet. Risikofaktorar for utanforskap kan vere:
-
Å vekse opp i familiar med låginntekt
-
Manglande sosialt nettverk
-
Manglande tilknyting til skule/arbeid
-
Manglande deltaking i fritidsaktivitetar
Kven kan søke?
Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søke om tilskot frå denne ordninga.
-
Frivillige organisasjonar må vere registrerte i Frivilligheitsregisteret
-
Verksemda som søker tilskot, må vere registrert i Enhetsregisteret
Når er søknadsfristen?
Søknadsfristen er 3. november 2023.