Mål og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanforskap.

Kven kan søke?

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

Verksemder som søkjer om tilskot, må vera registrert i Einingsregisteret.
Enkeltpersonføretak og privatpersonar kan ikkje søke.

Frist for å søke

1. november 2024

Slik søker du

  1. Sett deg inn i regelverket og informasjonen på nettsida til ordninga
  2. Logg inn, fyll ut og send inn søknad i Bufdirs søknadsportal for tilskot.
    Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytta søknadsskjema 2. Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå nettsida av tilskotsordninga for unntak frå denne regelen).

Etter at du har sendt søknaden

Søknader som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv, skal rangerast av kommunen. Ungdomsrådet skal gis moglegheit til å uttale seg om rangeringa. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadene på besluttande politisk eller administrativt nivå. Kommunen har frist for rangering av søknadane 10. januar 2025.

Etter at kommunen er ferdig med rangeringa set Bufdir i gang med den endelege sakshandsaminga av søknadene. Det vil vera informasjon på Bufdir sin nettside om forventa sakshandsamingstid.

Kontaktperson Sogndal kommune

Jarle Teo Andersen
Rådgjevar oppvekst
Tlf.: 45298464
Jarle.teo.andersen@sogndal.kommune.no