Tilskotsordninga tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi.
Kven kan søkja:
Kommunar i Vestland og eigarar av regionalt verdfulle kulturminne registrerte i kulturminnedatabasen Askeladden.
Kva kan støttast:
Kommunane kan berre søkja tilskot til faste kulturminne i Vestland som anten er:
- Prioritert i kommunal kulturminneplan.
- Regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova.
- Vurdert av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi.
Tiltak som stettar fleire av dei tre kriteria skal prioriterast.
Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tilskot kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan som kurs og formidling.
Send søknad innan 21. februar til
postmottak@sogndal.kommune.no eller til Sogndal kommune, Postboks 153, 6856 Sogndal.
Orientering om tilskotsordninga til verna kulturminne i Vestland