Kirsti Welander leia programmet frå KS (kommunesektorens organisasjon) i Sogndal.
- Me ønsker at dei folkevalde skal bli medvitne på rolla si og det ansvaret dei har teke på seg. Og at dei skal få kompetanse og tryggheit til å utøva rolla og at dei skal vita kvar dei kan få svar på spørsmåla sine. Ramma som dei folkevalde skal jobba ut frå, er veldig definert, samstundes som dei har stor moglegheit til å påverka utviklinga av lokalsamfunnet sitt. Me ønskjer å gjera dei så godt budde som mogleg, seier ho.
Welander gleda seg over godt oppmøte både frå politikarane og frå administrasjonen.
- Å delta her er ei god investering når dei framover skal jobba til beste for heile kommunen, slik mange av dei har trekt fram i løpet av desse dagane, seier ho.
Welander tok føre seg kommunen sitt samfunnsoppdrag, rolla som folkevald, samspelet mellom dei folkevalde - og samspelet mellom dei folkevalde og administrasjonen. I tillegg stod orienteringar om kommunen som planmynde, tillitsreforma og kommuneøkonomi på programmet.
KF tilbyr folkevaldprogrammet til alle kommunar og fylkeskommunar. Føremålet med programmet er å bidra til eit lokaldemokrati med høg tillit, heiter det på nettsidene til KS.