Sogndal legesenter melder tysdag at dei diverre er tomme for influensavaksinar.
Frå legesenteret vert det opplyst at dei har bestilt fleire, men at det er usikkert om Folkehelseinstituttet klarer å levera.
Førebels er det nokre vaksinar att på apoteket. Dei som treng vaskine, kan ta kontakt med Sogndal legesenter for resept, og så kan dei setja vaksina på legesenteret.