Her skal dei jobba med innovasjon og utvikling innan ulike prosjekt i team for digitalisering, samfunnsutvikling og vertskapskommune.
Dei har allereie sett seg godt inn i samfunnsplanen og er klare til å bidra til å gjera Sogndal til ein kommune med livskvalitet og utviklingskraft.
Elisabet har ein mastergrad i samfunnsøkonomi og har jobba med forsikring i Sæle Assuranse dei siste tre åra. Ingrid har ei mastergrad i forretningsutvikling og har jobba med etablerarar og gründarar i Rogaland fylkeskommune.
Dei sit begge på Sogndal Campus saman med Sogn Næring, men blir nok å sjå rundt om i heile kommunen.
Elisabeth og Ingrid er med i traineeprogrammet til Framtidsfylket. Traineeprogrammet går over eit år frå august til august. Målet med programmet er å rekruttera ung arbeidskraft til distrikta.