Sist veke overrekte ordførar Stig Ove Ølmheim det synlege provet på miljøfyrtårnstatus til tre verksemder i kommunen: ViteMeir på Kaupanger og Fosshaugane AS og Kafé Campus i Sogndal.
På ViteMeir sytte dei for miljøvennleg transport, og gav ordføraren mogelegheit til å testa ut både larvevaflar og ein heilt ny installasjon i utstillinga. Korleis det gjekk kan du lesa om på nettsidene til ViteMeir
Under overrekkinga av plaketten las ordføraren opp grunngjevinga for miljøfyrtårnsertifiseringa:
«ViteMeir er eit opplevingssenter som gjev ikkje berre besøkande gode innspel og opplevingar innafor klima og miljø, men og dei tilsette. Bedrifta har arbeidd, og arbeider aktivt og målretta innafor klima, miljø og arbeidsmiljø.»
Tidlegare i veka var ordføraren på Fosshaugane Campus og delte ut plakett for miljøfyrtårnstatus til Fosshaugane AS og Kafé Campus Sogndal.
Om Fosshaugane AS seier sertifisøren:
«Fosshaugane AS er ei bedrift med positivt fokus og engasjement innafor klima, miljø, arbeidsmiljø og tryggleik. Godt samspel mellom tilsette og bedriftsleiing.»
Konklusjonen frå sertifiseringsmøtet med Kafé Campus Sogndal er at dei har jobba godt med miljøkartlegginga, at myke god dokumentasjon er på plass og mange gode forbetringstiltak vart presenterte i møtet.
Om miljøfyrtårn
Miljøfyrtårn er ei nasjonal, frivillig sertifiseringsordning for offentlege og private verksemder som ønskjer å visa at dei tek helse- og miljøansvar. Bedrifta eller verksemda må setta seg miljømål og oppfylla bestemte krav innan helse, miljø og sikkerheit, arbeidsmiljø, energi, avfall, transport og estetikk. Bedrifter og verksemder som går gjennom ei miljøanalyse og deretter oppfyller dei definerte bransjekrava, blir sertifiserte som miljøfyrtårn.
Ei miljøfyrtårnsertifisering skal redusera miljøbelastinga, stimulera til grøn omstilling og auka konkurransekrafta til verksemda.