Overrekking skjer vanlegvis i eit kommuestyremøte, men grunna valet denne hausten, vart det lenger enn normalt til neste ordinære kommunestyremøte. Ordførar Arnstein Menes overrekte difor provet til dei tre verksemdene ved eit anna høve.
Tre nye
Om Takst Vest AS skriv sertifisøren at verksemda har jobba godt med kriteria.
Det vert mellom anna peika på at bedrifta har digitalisert prosessar og redusert bruken av papir kraftig.
Om Bent Vikøren AS skriv sertifisøren at verksemda har eit medvite og praktisk forhold til systemkriteria og har implementert desse i system, rutinar og instruksar som er godt tilpassa eiga verksemd.
Det vert mellom anna peika på at verksemda arbeider aktivt med ombruk og har returordningar for til dømes kobbar og stål.
Om Leikanger Auto AS skriv sertifisøren at verksemda, gjennom samarbeid med kjeda, har godt utvikla styringssystem og gjennom eige engasjement har gjennomført eit godt og målretta arbeid innafor helse, miljø og arbeidsmiljø.
Det vert mellom anna peika på at det er visuelt godt inntrykk av område til verksemda som visest frå hovudvegen.
Samla oversikt
Alle verksemdene i Sogndal kommune som er miljøfyrtårn-sertifiserte, kan du sjå her: Avansert søk virksomheter | Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no) (Vel Vestland fylke og Sogndal kommune)
Miljøfyrtårn er ei nasjonal, frivillig sertifiseringsordning for offentlege og private verksemder som ønskjer å visa at dei tek helse- og miljøansvar. Bedrifta eller verksemda må setta seg miljømål og oppfylla bestemte krav innan helse, miljø og sikkerheit, arbeidsmiljø, energi, avfall, transport og estetikk. Bedrifter og verksemder som går gjennom ei miljøanalyse og deretter oppfyller dei definerte bransjekrava, blir sertifiserte som miljøfyrtårn.
Ei miljøfyrtårnsertifisering skal redusera miljøbelastinga, stimulera til grøn omstilling og auka konkurransekrafta til verksemda.
Ordførar Arnstein Menes delte ut provet på miljøfyrtårn-statusen til Bent Vikøren AS.
Ordførar Arnstein Menes overrekte Miljøfyrtårn-skiltet til Steinar Aaland Eggum på Leikanger Auto AS.