Kommunen startar med dei eldste først, og vil kalla inn til vaksinering med tredje dose for alle over 65 år i løpet av november og desember. Denne tredje dosen skal settast minst seks månader etter andre dose.
Kommunane tilbyr også tredje dose koronavaksine til personar med nedsett immunforsvar. Sjukehusa sender ut brev til dei pasientane som skal få tilbodet.
Oversikt frå Folkehelseinstituttet over kven som er aktuelle for tredje dose
I Sogndal kommune kan aktuelle personar kontakta fastlegekontoret sitt, og dei vil då få informasjon om tidspunkt for vaksinering. Det skal vera 28 dagar mellom 2. og 3 dose hjå denne pasientgruppa.