Ungdomsrådet har dei siste to åra jobba med desse sakene:
- Billigare og bedre transport for ungdom
- Møteplassar for ungdom i heile kommunen
- Psykisk helsetilbod for ungdom.
Reglementet for politisk organisering i Sogndal kommune seier at rådet skal ha 3 medlemmar frå Balestrand, 4 frå Leikanger og 5 frå Sogndal, samt ein del gode varamedlemmar. Så her treng rådet medlemmar frå alle kantar av kommunen. Ungdomsrådet ynskjer mangfald både med tanke på alder, geografi, minoritet og interesse.
Rådet ynskjer gjerne å komme i kontakt med anna ungdom som brenn for dei same sakene som er nemd, men òg nye saker med godt engasjement er velkomne. Dei som vil bli med, bør ha eit ynskje om at Sogndal kommune skal bli den beste kommunen for ungdom å veksa opp og bu i.
Ta kontakt med Sogndal ungdomsråd på instagram, eller sekretær for ungdomsrådet, Maria Kalstad Brun på både telefon og/eller e-post ved interesse, spørsmål og kommentarar.
Frist for å melde interesse er sett til onsdag 15. september.
Det rådet treng av informasjon er
- namn
- adresse
- telefonnummer
- alder
- skule
- to setningar om deg sjølv og kvifor du ynskjer å bli med i ungdomsrådet.