For pengane som blir samla inn, vil Barnekreftforeningen etablera familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman mens barnet får behandling.

Meir info finn du på: Hjem | NRK TV-aksjonen 2024 (tvaksjonen.no)

Bli bøsseberar!

Meld deg som bøsseberar på tvaksjonen.no.

I år er aldergrensa for å vera bøsseberar sett ned til 15 år. Aldersgrense | NRK TV-aksjonen 2024 (tvaksjonen.no)

Du kan også laga ei digital innsamling: Digital innsamling | NRK TV-aksjonen 2024 (tvaksjonen.no)

Campus-løpet

Sogn Næring arrangerer for tredje året på rad Campusløpet for TV-aksjonen. Onsdag 16. oktober utfordrar dei bedrifter i Sogndal til å springa for årets TV-aksjon.

Påmelding og informasjon: Campusløpet 2024: Saman for små heltar (sognnaring.no)

Vil du gje ei gåve?

Du kan gje ei gåve til TV-aksjonen i innsamlingsbøsser eller på følgjande måtar:

Vipps: 2133
Kontonummer: 8380 08 09005
Kontonummer ved bestilt faktura med KID: 1503 60 97431
SMS med kodeord TVA til 2133 (300 kroner)