UKM  for Sogndal og Luster blir i Sogndal Kulturhus søndag 9. mars klokka 17.00.

UKM, som står for Ung Kultur Møtes, er ein arena der unge talent får høve til å vise fram kva dei driv med, anten det er musikk, dans, teater, kunst, film, litteratur, eller andre kreative uttrykk. 

Dette er ein unik sjanse for deg mellom 10 og 20 år til å dele di interesse, møte likesinna, og kanskje gå vidare til fylkesmønstringa og nasjonal UKM-festival.

Me oppmodar alle som vil vise fram sin kreativitet, til å melde seg på. Om du ikkje ønskjer å stå på scena, treng me òg unge arrangørar, scenearbeidarar, lyd- og lysteknikarar.

Meld deg på no!

Påmelding ved bruk av QR-koden på plakat eller https://ukm.no/2025-luster-sogndal-ukmsogndalluster2025/

Lurer du på noko?

Sjekk  Ofte stilte spørsmål (ukm.no)  (Det er 10-årsgrense for å delta på lokalmønstringa i Sogndal)

Eller ta kontakt med Tor Talle
E-post: tor@tortalle.com
Tlf: 92 89 34 32

MELD DEG PAO for dette blir moro!