Vestland fylkeskommune har hyra inn konsulent for kartlegging av fysiske inngrep, habitatkartlegging, ungfiskundersøking og forslag på tiltak i eit utval elvar. Undersøkinga vil særleg handla om korleis sjøaure blir påverka, og kva grep som kan gjerast for å styrka fiskebestanden i elvane.
Undersøkinga er ein del av oppfølginga av vassforskrifta, og blir gjort saman med Sogndal kommune og fleire andre kommunar i Vestland fylke gjennom samarbeidet i vassområda. I Sogndal kommune er det Amlaelvi som skal undersøkast.
Konsulentselskapet NORCE (Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske) skal utføra oppdraget. I felt skal dei mellom anna registrera botnsubstrat, skjulforhold, gyteområde, elvemorfologi, vandringshindre, kantvegetasjon. I tillegg skal det utførast elfiske, og i enkelte elver skal det også takast botndyrprøvar. Undersøkingane blir utførte i løpet av seinsommaren og hausten 2020.
Grunneigarar og lag og organisasjonar kan søkja om midlar til tiltak som konsulenten føreslår for å betra tilstanden for sjøauren.
Her kan du sjå oversikt over alle elvane i prosjektet (PDF)
For meir informasjon ta kontakt med vassområdekoordinator Christian E. Pettersen i Vestland fylkeskommune på e-post eller telefon 47639165.