Stortingspresidenten snakkar med i ungdomsråd rundt om i heile landet for få innsikt i kva som opptek barn og unge. Ho er nyfiken, og oppteken av at barn og unge skal bli høyrde og kunna delta i samfunnssaker.
Ungdomsrådet informerte om sine hjartesaker som dei ynskjer å få gjennomslag for i kommunestyret: psykisk helse, transporttilbod og møteplassar for ungdom.
Trøen var interessert i ungdommane sine tankar og ynskjer og sa at ungdomsrådet var tydelege i ytringane sine. Ho ga råd og tips om å halda fram med å vera tydlege og synlege i sakene rådet kjempar for, samt ikkje gje seg på dei sakene som dei brenn for.
Ungdomsrådet tykte møtet var ei god oppleving. Ungdomsrådet er ein positiv, kreativ og engasjert gjeng som no er godt motiverte for å jobba enno betre i åra som kjem.
Møteprotokoll - møte i Sogndal ungdomsråd 2.2.2021