9 personar sit på stolar og noterer framfor eit stor vindauge.
Arbeidsverkstad og polsk arkitektur. (Foto: Arne Monrad Johnsen)

I august fekk ungdomsrådet vårt høvet til å reisa til Ostrowiec Świętokrzyski kommune i Polen for å møta det lokale ungdomsrådet. Og i oktober fekk me gleda av å ønskja den polske delegasjonen velkommen til oss i Sogndal kommune.

Besøka er ein del av eit større EØS-prosjekt mellom Noreg og Polen, som mellom anna skal framme auka samhandling mellom ungdom på tvers av landegrensene. Deltakarar frå Sogndal kommune og Sogn kommunale oppgåvefellesskap var også med på opplegget.

Ungdommane har fått høve til å diskutera forskjellane mellom landa, kva som er viktig for dei, og korleis dei kan påverka samfunnet dei lever i. Dagane har vore fylte med aktivitetar, samhandling og nokon formelle møte.

Mange menneske står oppstilte på ei stor scene med scenebelysing i gult og blått.
Delegasjonen frå Sogndal på scena. (Foto: Stanislaw Dunin-Borkowski)

Eit av høgdepunkta var då me fekk tala framfor heile 5000 tilskodarar på årets Ostrowiec-festival i Polen. Då den polske delegasjonen besøkte Sogndal, fekk me æra av å oppleva Sogndal ungdomsstorband sin aller første konsert.

"Me er utruleg takksame for dette fruktbare samarbeidet. Det er spennande å sjå korleis ungdom lever i andre land og kva dei jobbar med i ungdomsrådet i Ostrowiec," seier Emma Steinsland Hamre, leiar av ungdomsrådet i Sogndal kommune.