Regjeringa har onsdag innført nye nasjonale tiltak. Statsminister Jonas Gahr Støre understrekar at det aller viktigaste tiltaket no, er at folk tek imot dei vaksinedosane dei får tilbod om.
Regjeringa ber kommunane gjennomføra vaksineringa raskare, og også i Sogndal kommune legg me no til rette for at vaksinasjonstempoet skal opp.
- Det er eit mål at alle over 65 år, dei med alvorleg sjukdom og dei fleste helsepersonell skal ha fått tilbod om oppfriskingsdose før jul, og der ligg me godt an i Sogndal kommune, opplyser smittevernlege Leiv Erik Husabø.
Sogndal kommune har utbrot av korona, særleg knytt til befolkninga i Balestrand. Tysdag vart det påvist 11 nye smitta i denne delen av kommunen, og så langt er det registrert 58 smitta i Balestrand sidan 19. november.
Kommunen tilrår no jamleg testing av elevane på Sagatun skule, dette er strategien på nasjonalt nivå for å redusera smitte på skular.
- Me har smitte i samfunnet, og no er det viktig at dei som er i risikogrupper tek omsyn til seg sjølv, og beskyttar seg ved å ha færre nærkontaktar, seier Husabø.
Sogndal kommune har gitt fleire råd for å hindra spreiing av smitte, mellom anna om å bruka munnbind der det er utfordrande å halda avstand. Desse råda gjeld fram til torsdag. Kriseleiinga vil gjer ei ny vurdering og eventuelt koma med nye råd torsdag.
Informasjon om smittesituasjonen finn du under Informasjon om koronaviruset øvst på nettsida til kommunen.