Me oppmodar alle som enno ikkje har fått avtale for 1. eller 2. dose, om å ta kontakt med legekontoret sitt for avtale.
Når det har gått 20 veker sidan du fekk 2. dose, vil du få ein invitasjon på telefonen til oppfriskingsdose (dose 3). I Sogndal kommune vil nokre få tildelt tidpunktet for vaksinering direkte på SMS eller over telefon, og nokre vil få ein SMS med ei lenkje ein må klikka på for å få tildelt time.
Dersom du får ein SMS der du må klikka på ei lenkje for å få tildelt time, oppmodar me deg om å svara på invitasjonen så snart som råd. Du vil få då få tilbod om første ledige time. Dersom denne timen ikkje passar, må du avbestilla og venta på ny invitasjon. Det kan ta inntil ei veke før du får ny invitasjon, men du vil få invitasjon til første ledige vaksinasjonsdag.
For bestilling av time til 1. eller 2. vaksinedose, ta kontakt med legekontoret:
- Balestrand legekontor: 57 65 13 00
- Sogndal legesenter: 57 62 97 00
- Leikanger legekontor: 57 65 27 20
Studentar som bur i kommunen, men som ikkje er folkeregistrerte her, kan få 3. dose ved å kontakta Sogndal legesenter.