Det blir sett opp vaksinering på følgjande tidspunkt:
- Balestrand: Balestrand helsestasjon tysdag 22. oktober og onsdag 23. oktober klokka 09.00-14.00
- Leikanger: Leikanger sjukeheim tysdag 22. oktober og onsdag 23. oktober klokka 09.00–14.30
- Sogndal: Sogndal hotell onsdag 23. oktober klokka 09.00–14.30 og 15.30–19.00
Prisar:
Influensavaksine: 250 kroner
Covid-vaksine: gratis
Vaksine mot lungebetennelse med pneumokokkar vil også vere tilgjengeleg. Personar i risikogruppene er tilrådd slik vaksine kvart 6. år. Denne kostar 400 kroner.
Influensavaksine blir tilrådd:
- Personar som bur i omsorgsbustad eller sjukeheim
- Alle fra fylte 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
- Prematurt fødde barn, særlig barn fødde før veke 32 i svangerskapet, fra 6 månader til 5 år
- Barn og vaksne med
- diabetes type 1 og diabetes type 2
- kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
- nedsett immunforsvar
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din mener kan gjera deg ekstra utsett ved influensa
Meir informasjon: infoskriv-nynorsk-influensavaksine-risikogrupper.pdf (fhi.no)
Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår at følgjande grupper bør ta ein ny oppfriskingsdose med koronavaksine før haust/vintersesong 2024/25:
- Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og dei som bur på sjukeheim.
- Personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe.
- Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom.
- Barn 5-11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom legen til barnet vurderer dette som viktig.
- Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdommar som gir ytterlegare auka risiko.
Meir informasjon: Koronavaksine - FHI
Barn under 12 år som treng vaksiner får tilbod om vaksinering ved helsestasjon.