I samsvar ned domstollova § 68 første ledd skal formannskapet sitt forslag leggast ut til alminneleg ettersyn i minst 2 veker før kommunestyret gjer endeleg vedtak.
Formannskapet valde i same møte skjønnsmedlemmar som skal endeleg vedtakast av fylkestinget i Vestland. Domstollova er ikkje tydeleg på om forslag til skjønnsmedlemmar også skal ligge ute til alminneleg ettersyn, men vi legg også desse ut på høyring.
Einkvar som har noko å innvende mot forslaget, må melde dette til postmottak@sogndal.kommune.no innan 22. mai 2024.