Jolanta Chodareva, som opphaveleg er frå Litauen, kom med familien til Noreg i 2011. Til dagleg er ho å treffa som bibliotekar på biblioteket på kulturhuset. Ho har mastergrad i bibliotekvitskap og bibliografi frå Litauen, og  helsefag med påbygg i psykisk helse frå Noreg. Ho har ein variert arbeidserfaring, og har tidlegare mellom anna jobba på hotell, med reinhald, som helsefagarbeidar og som faglærar på vidaregåande.

På biblioteket er ho med på å arrangera språkkafe for alle som ynskjer å bli betre i norsk.

Innvandrarrådet har sju medlemmer, og vel sjølv leiar og nestleiar. Nestleiar er Yvonne Nshimirimana.

Rådet skal fungera som eit rådgjevande organ for kommunen. Rådet kan i tillegg og på eige initiativ ta opp saker som vedkjem til dømes tenester som har betydning for innvandrarar, flyktningar og arbeidsinnvandring i kommunen.

Rådet har rett til å få informasjon om alle saker som har betydning for målgruppa. Den viktigaste oppgåva rådet har er å gje signal til politikarane om alle flyktning- og innvandringsrelaterte spørsmål.

Medlemmane i rådet er valde av kommunestyret for fire år.