Oppdatert 25. novermber: Vatnet er no på for heile Sogndal vassverk, men at det kan ta litt tid før alle røyra er fylte opp. Dei som ikkje har normalt vatn att om nokre timar, vert bedne om å ta kontakt med innbyggartorget.
I samband med skiftinga av vasskummen, måtte vatnet stengjast av.
Kommunen gjekk difor ut med følgjande melding i førekant: "Stenginga startar tysdag 24. november klokka 17.00, og me tek sikte på opning til klokka 07.00 onsdag 25. november.
Gjeld Sogndal: I dette tidsrommet kan de mista vatnet, men me vil forsøkja å oppretthalda vassforsyninga frå høgdebassenga. Bassenga våre har avgrensa kapasitet, og me oppmodar dykk difor til å redusera vassforbruket til eit absolutt minimum i tidsperioden.
Gjeld Kaupanger, Kjørnes, Barsnes, Kvam: I dette tidsrommet vil de vera utan vatn.
Me oppmodar dykk til å fylla bøtter eller liknande til matlaging, toalett og anna forbruk."