Oppdatering 15.55: Feilen skal no vera retta, og abonnentane har byrja å få tilbake vatnet.
Grunna teknisk svikt på ein ventil ut frå vassverket på Vangestad vil husstandar i Sogndal, Kaupanger, Kvam og Barsnes som er tilkopla kommunalt vatn, kunna mista vassforsyninga.
Folk frå kommunen er på staden og jobbar på spreng med å utbetra feilen. Me beklagar situasjonen som har oppstått, og satsar på at vatnet skal vera tilbake i løpet av dagen.