Tunnelane i Sogndal kommune er:
- Riksveg 5 Amlatunnelen: Levering og montering av to høgdehinder. Vass- og frostsikra drypp i tunnelen. I tillegg tetta vasslekkasje mellom portal og bankett, som er eit fortausliknande tryggingstiltak som skal redusera risikoen for påkøyrsel i tunnelveggen. Vatnet må leiast vekk frå portalen og fram til sandfangkum om lag 10 meter frå portal.
- Riksveg 5 Frudalstunnelen: Levering og montering av eitt høgdehinder i øvste ende retning mot Sogndal. Vass- og frostsikra drypp.
- Riksveg 5 Bergstunnelen: Levering og montering av eitt høgdehinder i enden retning Fjærland.
- Riksveg 5 Fjærlandstunnelen: Riva om lag 4000 kvadratmeter netting i tunneltaket og sikra med bolt og sprøytebetong. Vass- og frostsikra drypp.
- Riksveg 13 Fatlatunnelen: Vass- og frostsikring.