Tildelingskontoret sine oppgåver er å motta, kartlegge og handsame søknader om helse og omsorgstenester i Sogndal kommune. Vi kan svare på spørsmål og rettleie i søknad om helse og omsorgstenester. Vi kan også bistå ved eventuell klage. Du kan kontakte oss i opningstida på telefonnummer: 400 22 970 eller e-post: tildeling@sogndal.kommune.no. Ønskjer du avtale med personleg oppmøte skal dette vere avtala på førehand.
Tildelingskontoret i Sogndal kommune skal:
- Vere ein felles inngang til helse og omsorgstenestene i kommunen
- Gjennomføre kartlegging for å sikre at vedtak og tenester er basert på korrekt og tilstrekkeleg informasjon
- Sikre tverrfagleg og individuell vurdering av behov for kommunale helse og omsorgstenester
- Tildele rett teneste til rett tid og i tilstrekkeleg omfang i tråd med lovverket
- Ha fokus på tenestemottakar sine ressursar og kva som er viktig for den enkelte for å oppretthalde sjølvstende og funksjonsnivå så lenge det er mogleg