3. januar tek Statens vegvesen fatt på fase to i Gravensteinsgata i Sogndal. Det er i hovudsak på gangfelta det blir arbeidd i denne omgang, og desse vert stengde på begge sider av vegen.
Samtidig skal prosjektet fleire stader kryssa riksveg 5 med el-anlegg og kommunalt VA-anlegg.
Ålkrysset kjem til å verta stengt i periodar, opplyser vegvesenet.
Meir om arbeidet kan du lesa hjå Statens vegvesen