Tysdag 15. august starta barnehageåret, og måndag 21. august startar det nye skuleåret for elevane. Desse dagane vil vi ønske velkommen til om lag 2100 born og 650 tilsette ved 24 skular, oppvekstsenter og barnehagar i kommunen.
Desse to dagane er det nok mange barn og unge som grugledar seg til i løpet av sommaren. Korleis vert den nye kvardagen som ventar dei i skule og barnehage. I løpet av sommaren er liksom alle blitt eitt år eldre. For nokon er det starten i ny barnehage, i ei ny gruppe eller ein ny klasse, nye fag og nokon vil få karakterar for første gong. Dei har alle forventningar og er heilt sikkert spent på det nye året. Det vert to spennande dagar anten ein startar i barnehage eller i skulen. For alle som startar barnehage og skuleåret, er det ein overgang til noko nytt.
Desse 2100 barn og unge med føresette skal vi i oppvekstsektoren møte med tillit og respekt, og gje dei tryggleik, kunnskap, dugleik og haldningar, slik at dei meistrar liva sine og kan delta i fellesskapet.