Mellom dei som var på plass for å ta imot studentane var ordførar Stig Ove Ølmheim. I talen han heldt, understreka han at det er med stor glede han ønsker studentane velkomne til studiestart.

- Me er utruleg stolte av å vera ei studentbygd.

Ølmheim fortalde studentane at i Sogndal er det kort avstand mellom alt, også mellom studentane og ordføraren.

- I Sogndal er alle dører opne.

Han peika også på at mange studentar vel å bli verande i bygda etter studiane, noko som bidreg til at Sogndal har ei ung befolkning.

- Dette er resultatet av at folk trivst. Eg håpar alle vil finna seg til rette i bygda vår.

Studestartveka i Sogndal held fram med fleire arrangement. Onsdag var det grilling i parken, og framfor kommunehuset var det mange som stilte med stand med informasjon til dei ferske studentane.