Sjølv om det var strålande sol og våren for alvor har meldt sin ankomst, møtte 22 ivrige innbyggjarar opp på Quality Hotel Sogndal for å gje sine innspel til planen.
- Veldig kjekt at så mange møter opp, seier tenesteleiar for veg og parkering, Kari-Anne Kirsebom Strandman. Det er ikkje nødvendigvis me som sit på kontoret i kommunen som veit kvar det er behov for betre løysingar for små og store. Difor er me heilt avhengige av tilbakemeldingar frå dykk, innleia ho med.
Med eit litt seint tidspunkt for start av møtet har kommunen prøvd å leggja til rette for foreldre som ønskte å delta.
- Ofte vert slike møte lagt til tider som gjer det vanskeleg for fleire foreldre å møta, så veldig bra at kommunen tek omsyn til dette, var ein av tilbakemeldingane.
Set pris på alle innspel
Dei som møtte fekk utlevert oppgåver og kart der dei kunne skriva, teikna og forklara kvar dei meinte utfordringane låg.
- Me tek med oss alle innspel vidare og så vil me prioritera ut i frå visse kriterium, seier Kirsebom Strandman. Ho understreka også at det var ikkje alt kommunen kunne få til på eiga hand, men at det likevel er viktig å ha ei totaloversikt over trafikktryggleik og utfordringar i heile kommunen.
Vil du gje innspel?
Onsdag 20. april vert det gjennomført arbeidsverkstad på Tinghuset på Leikanger. Vel møtt kl. 19:30.
Torsdag 21. april vert det gjennomført arbeidsverkstad på Kviknes Hotel i Balestrand.
Vel møtt kl. 19:30.
Det vert lett servering og kaffi.
Ønskjer du å senda innspel til planen? Gjer det via skjemaet du finn ved å klikka her.
Deltakarane fekk utlevert kart og fekk koma med innspel. (Foto: Aina Thomassen)