To av tilfella er smitte etter innreise til kommunen. Det har vore aukande tal smitta i heile landet etter reiseaktivitet i jule- og nyttårshelga.
Sjølv om situasjonen no er mindre alvorleg i Sogndal kommune enn mange andre stadar i landet, er det viktig at også me følgjer smittevernråda i tida framover.
- Me oppmodar no alle til å vera særskilt merksame på å følgja gjeldande retningsliner for å unngå smitte i denne perioden. Det er viktig å isolera seg å ta koronatest dersom ein får symptom på luftvegssjukdom. I tillegg er det viktig å halda avstand og ha god handhygiene, oppmodar smittevernlege Leiv Erik Husabø.
Regjeringa har innført forsterka smitterverntiltak som førebels skal vara ei veke til. Kommunar som Sogndal er råda til å driva tilnærma som normalt, innanfor gjeldande smittervernreglar.
- Dersom det vert oppdaga smitte i kommunale institusjonar eller einingar med auka smittefare for andre, vil kommunen gjera det kjent, opplyser Husabø.
Meir informasjon om situasjonen kring kronaviruset finn du her på nettsida til kommunen.