Sogndal kommune søkjer no etter vaksne arbeidssøkjande menn som vil få eit unikt høve til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom Menn i helse.
Utdanninga er komprimert og tilrettelagd for arbeidssøkjande menn i alderen 25–55+. Deltakarane får tittelen helserekruttar og under utdanninga blir det veksla mellom å få yting frå NAV og lønn frå kommunen.
Påmelding til informasjonsmøte
Ta sjansen og bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der det bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. Nokre få veker etter møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om inntil 12 vekers veileda praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.
Tid og stad:
- 07.03.24 kl. 1400-1530
- Kommunestyresalen i kommunehuset i Sogndal
Meld deg på: Vestland Nord - Menn i helse
Er du vår neste mann? Grip moglegheita!
Kjenne du nokon som fortener moglegheita? Tips dei om Menn i helse!
Har du spørsmål om Menn i helse?
Ta kontakt med fylkeskoordinator:
Øystein Johannessen
Menn i helse Vestland Nord
Mobil: 908 34 919
E-post: oystein@mennihelse.no
Sjekk Menn i helse nettside: Menn i helse - Din vei til fagbrev og jobb