Kva er forliksrådet

Forliksrådet er det den lågaste domstolen for sivile saker i Noreg. Det er både ein meklingsinstitusjon og ein domstol. Hovudoppgåva til forliksrådet er å legge til rette for at partane ved mekling eller dom får løyst saka enkelt, hurtig og billig. Politiet er sekretariat for forliksrådet.

Kva gjer ein møtefullmektig

Ved kvart forliksråd skal det vere eit utval av faste møtefullmektigar som skal oppnemnast av kommunen og ha funksjonstid i inntil 4 år.
Møtefullmektigen representerar ein part som ikkje kan møte opp i forliksrådet sjølv. Møtefullmektigen framfører argumenta på vegner av parten dei representerar og kan inngå forlik etter fullmakt frå parten. 

Kven kan vere møtefullmektig

Einkvar person med alminneleg god samfunnsmessig kunnskap, og som behersker norsk skriftleg og munnleg godt, og er over 25 år kan vere møtefullmektig.
Ein møtefullmektig treng ikkje vere busett i kommunen.

Godtgjering

Som møtefullmektig får du godtgjering for arbeidet. Godtgjersla vert dekka av parten du representerar.

Meld di interesse

Er dette noko du kan tenkje deg, send ein e-post til postmottak@sogndal.kommune.no og merk med referanse 2023/7544 innan 23. mars 2025.
Skriv gjerne kort om kvifor du ynskjer å vere møtefullmektig.

Meir informasjon finn du her

Dette skjer i forliksrådet - Politiet.no
Om forliksrådet - regjeringen.no

Har du spørsmål, kan du kontakte Marit Silje Husabø på telefon 57 65 25 65.