Som del av Sogn regionråd og Visit Sognefjord sitt arbeid med å merka Sogn som berekraftig reisemål, er regionen pålagt å gjennomføra ei innbyggjarundersøking.
Ein god plass å bu er ofte ein god plass å besøka. Merket for berekraftig reisemål vil hjelpa oss til å skapa god balanse slik at me kan få begge delar. Me ønskjer å avgrensa negative verknader og auke dei positive verknadane av reiseliv, og derfor er di meining viktig. Svara dine fra spørjeskjemaet vil bli registrerte elektronisk. Undersøkinga er utført av Høgskulen på Vestlandet.
Gå til undersøkinga
Alle som svarer på undersøkinga er med i trekninga på følgjande 2 premiar:
- 1 overnatting på Kviknes Hotel m/middag RIB tur med Balestrand Fjord Adventure for 2 personar
- 1 overnatting på Fretheim Hotel m/middag RIB tur med Fjordsafari for 2 personar
Det er frivillig å delta i prosjektet. Dersom du vel å delta, kan du når som helst trekka samtykket tilbake utan å oppgje grunn. Alle personopplysningane dine vil då bli sletta. Det vil ikkje ha nokon negative konsekvensar for deg dersom du vel å trekka deg. Me handsamar opplysningane konfidensielt og i samsvar med personvernregelverket.