Det er viktig at dei bedriftene som framleis bør og kan oppretthalda normal produksjon, får høve til å gjera det. Dersom enkeltbedrifter opplever utfordringar med å ha nok bemanning til å klara dette, anten på grunn av at tilsette må vera heime med born, eller på grunn av smitteutbrot i arbeidsstokken, oppmodar me dei om å ta kontakt med Sogn Næring eller Sogndal kommune for å drøfta mogelege tiltak som kan avhjelpa ein slik situasjon.

- Me vonar å kunne hjelpa bedriftene i kommunen vår med god støtte frå næringsapparatet vårt, og vil fortløpande vurdera tiltak som kommunen kan bidra med. Ta kontakt, so prøver me å løysa dette i fellesskap, seier ordførar Arnstein Menes.

Kontaktperson i kommunen er Joakim Systaddal, tenesteleiar næring- og samfunn: joakim.systaddal@sogndal.kommune.no eller telefon 458 73 833.

Sogn Næring kan du nå på telefon 975 879 31 eller e-post til post@sognnaring.no.

Me anbefaler bedriftene å til ei kvar tid å halda seg til dei råda som helsemyndigheitene gir om koronaviruset.

Les meir på nettsidene til Sogn Næring om kva tiltak som er innførte for å dempa krisa i næringslivet