Denne adventstida har me utfordra innbyggarane på å kjenna att 24 tilfeldig utplukka bedrifter i Sogndal kommune. Kvar dag har me presentera eit hint som kunne leia deg til namnet på ei bedrift.
Første bokstaven i namna på bedriftene, i rekkefølgje frå luke 1-24, danna løysinga - som er noko me jobbar med i Sogndal kommune.
Løysinga var: «Samfunnsutvikling og miljø»
Alle oppgåvene og løysingane på kvar dagsoppgåve finn du i lukene under.
Me takkar alle som deltok og sende inn løysinga innan fristen 1. januar.
Me har trekt ut tre vinnarar:
- premie: Drikkeflaske, kaffi og sjokolade: Jonathan Kjørlaug
- premie: Kopp, kaffi og sjokolade: Bjørg Aase
- premie: Kopp, kaffi og sjokolade: Frode Bøthun
Gratulerer!
Luke 23
Mange ungdommar i Sogndal og omegn er innom her når dei nærmar seg 18-årsdagen.
Rett svar: Joar Solberg trafikkskule
Luke 21
Held til i det største kjøpesenteret i kommunen og driv også med utleige og verkstad.
Rett svar: Intersport
Luke 18
Det nest største selskapet på genetikk for stor aure i Europa med eit anlegg på Hermansverk.
Rett svar: Osland stamfisk
Luke 15
Driv med graving, drenering, steinlegging, betongarbeid og sjølvsagt asfalt i Sogn og Hordaland.
Rett svar:Instefjord asfalt
Luke 13
Overnattingsstad i sveitserstil som også har vore nytta under innspeling av musikkvideoar.
Rett svar: Kviknes hotel
Luke 8
Namnet antyder noko lite, men vareutvalet er mangfaldig i denne butikken, som ligg i ein tidlegare fabrikk.
Rett svar: Små livsgleder
Luke 3
Denne butikken flytta ein etasje opp for å få plass til blomebutikk på Amfi Sogningen.
Rett svar: Mobit