Kva er eit asylmottak?

Kort sagt er eit asylmottak

  • eit frivillig butilbod for asylsøkjarar
  • bemanna av dei som driv mottaket på dagtid
  • ein stad med bebuarar som har rett til offentlege tenester på lik linje med andre innbyggjarar i kommunen

Asylmottaket på Leikanger i Sogndal kommune er eit ordinært mottak der asylsøkjarar bur medan søknaden deira blir behandla og medan dei ventar på busetjing eller retur.

Kommunen og mottaket - UDI

 

 

 

Informasjonsmøte om asylmottak

1. oktober var det informasjonmøte om asylmottak på Leikanger. Møte vart halde på Saften og sendt på nett-TV. UDI, Hero og kommunen informerte om prosess og arbeid til no, og det var ope for spørsmål.

Møtet kan du sjå i opptak i videoruta under: 

 

 

Kommunale tenester til asylsøkarar

Hovudregelen er at alle offentlege instansar i Noreg har ansvar for å gi tilbod til asylsøkjarar på lik linje med tilbodet dei gir til resten av befolkninga.

  • Kommunen skal yta primærhelsetenester og barnevernstenester til alle som oppheld seg i kommunen, inkludert midlertidig innkvarterte asylsøkarar​.
  • Kommunen skal etablere tilbod om norsk og samfunnskunnskap for asylsøkjarar i asylmottak.​
  • Barn under 16 år har rett og plikt til grunnskuleopplæring, dette gjeld også for asylsøkarar.​
  • Kommunen blir oppmoda om å tilby barnehageplass​.
  • Kommunen har ansvar for tilsyn med miljø og helse i asylmottak og anna innlosjering av flyktningarar.

Tilskot til kommunen

Alle kommunar som har asylmottak får eit tilskot. Dette skal dekkja dei gjennomsnittlege meirkostnadene som følgjer av å ha eit asylmottak i kommunen.

Tilskotet består av ein grunnsats per kommune og ein sats per mottaksplass. Det er ulike satsar for dei ulike typane mottaksplassar.

Tilskudd til vertskommuner for asylmottak og omsorgssenter – udiregelverk.no

Slik jobbar kommunen

Sogndal kommune har sett ned eit tverrfagleg team for å førebu asylmottak på Sognefjord hotell på Leikanger.

Det tverrfaglege teamet sitt mandat er å planlegge for og samordne kommunen sin samla innsats i samband med eit asylmottak, og gjere naudsynte prioriteringar for å nå fristen for oppstart. Teamet vil gjere seg kjent med behova og krava til kommunal tenesteyting knytt til eit asylmottak, og samordne innsatsen på tvers av organisasjonen.

Faste medlemmar i teamet er:

  • Kristin Rundsveen Bøtun, kommunalsjef samfunn
  • Leiv Erik Husabø, kommunelege
  • Åse Julusmoen, rektor Leikanger ungdomsskule
  • Kjell Ertesvåg, leiar barnehage Sogndal kommune
  • Elin Henjesand Kvam, leiar forhelsestasjonen
  • Elin Leegard Christensen, hovudtillitsvald Norsk Sykepleierforbund
  • Ane Bjørk, økonomirådgjevar
  • Line Partenyi, rektor norskopplæringa
  • Ingrid Kristiansen, samfunnsutviklar
  • Mariann Skau, kommunikasjonsrådgjevar

Frivillige lag og organisasjonar

UDI oppmodar lokale lag og foreiningar til å ta kontakt med asylmottak i nærmiljøet for å avtale korleis dei kan samarbeide med mottaket for å bidra til å gi bebuarane på mottaket meiningsfylte aktivitetar.

UDI har ei tilskotsordning til aktivitetar for barn og unge som bur på asylmottak. Kommunar, frivillige organisasjonar, ikkje-kommersielle aktørar og andre som organiserer aktivitetar for barn i mottak, kan søkja.

Formålet med ordninga er å støtte tiltak som bidreg til å gi barna

  • ein meiningsfull kvardag
  • ein så normal barndom som mogleg
  • moglegheiter for fysisk aktivitet
  • høve til å utvikle ferdigheiter gjennom ulike aktivitetar
  • meistringskjensle

Asylmottak: Barn og unge - UDI

Kontakt mottaket

Hero Norge AS, som er ansvarlege for drifta av asylmottaket, ynskjer tett kontakt med lokalsamfunnet. Dei oppmodar folk om å ta kontakt, både om du ynskjer å bidra med noko eller om du ynskjer å melda frå om nokon i tilknyting til mottaket.

Mottaket i Leikanger vil ha 6,5 årsverk, og eit ordinært asylmottak skal minimum vera bemanna kvardagar klokka 09.00-15.00. I tillegg har Hero bakvakt som kan kontaktast heile døgnet.

Kontaktinformasjon til mottaket på Leikanger kjem når det er klart.

UDI stiller krav til at mottaket skal jobba for eit godt samarbeid med kommunen, spesielt når det gjeld helsetejeneste, barnevern, skule og vaksenopplæring. Mottaket skal også samarbeida med politiet, brannvesenet og biblioteket lokalt.