Tid og stad for vigsel

Vigsler vert utført alle kvardagar, i hovudsak mellom kl. 12.00 og 15.00.

Dersom de ynskjer anna tidspunkt eller andre dagar, kan de ta kontakt og me ser om det let seg gjere.

Vigsel i Sogndal kommune er eit gratis tilbod, også for brudepar busette i andre kommunar.

Sogndal: Kommunestyresalen på Kommunehuset i Sogndal
Leikanger: Amtskontoret og Tingsalen på Tinghuset
Balestrand: Møterom i Holnatunet

Dersom brudeparet ynskjer anna lokasjon, må brudeparet tilrettelegge sjølve, og pårekne ein kostnad dersom det medfører at vigslar brukar meir tid på reise eller transport. 

Prøvingsattest

Før ein kan gifte seg, må Skatteetaten sjekke om brudeparet oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Brudeparet må difor søke om prøvingsattest hjå Skatteetaten i god tid før vigsla, sjå meir på «Veien til ekteskapet - steg for steg - Skatteetaten».

Dersom de oppfyller krava for å inngå ekteskap, skriv Skatteetaten ut ein prøvingsattest. Behandlingstida hjå Skatteetaten varierar mellom 1-6 veker.

Bestilling av vigsle

Når de har motteke prøvingsattesten frå Skatteetaten, kan de bestille vigsle ved å fylle ut og sende inn dette skjemaet: Vigsel - bestilling (KF-620-FK), og legge prøvingsattesten med som vedlegg.

Deretter bør de tenkje gjennom kvar de ynskjer vigsla skal vere, om de skal ha gjester og eventuelt kor mange gjester, og om de har to vitne de ynskjer skal vere til stades under seremonien. (Jamfør ekteskapslova § 11 andre ledd)

Når kommunen har motteke bestillinga, vil sakshandsamar eller vigslar kontakte dykk for å gjere desse avklaringane. 

Seremonien

Brudepar, to vitne og eventuelle gjester bør møte opp 10-15 minutt før avtalt tid for vigsle. De må vente utanfor seremonirommet til de vert viste inn. I seremonien les vigslaren opp det borgarlege vigselsformularet: Borgerlig vigselsformular (bufdir.no). Når seremonien er over, underteiknar brudeparet, vitner og vigslaren Prøvingsattest/melding om vigsel/vigselsbok.

Vigselsattest

Kommunen sender ein bekrefta kopi av Prøvingsattest/melding om vigsel/vigselsbok til Folkeregisteret innan tre dagar etter vigsla.
Brudeparet får ein bekrefta kopi av Prøvingsattest/melding om vigsel/vigselsbok etter seremonien, og den dannar mellombels vigselsattest til brudeparet får stadfesting på vigsla frå Folkeregisteret.

Mynde

Borgarleg vigsel vart innført med dissenterlova av 1845 for brudepar som ikkje var medlemmar av statskyrkja. Vigsla vart då utført av dommarar, dommarfullmektigar eller andre tenestemenn i tingretten. Frå 2018 overtok kommunane denne oppgåva, som ledd i den nye kommunereforma.

Mynde til å gjennomføre borgarleg vigsle er i forskrift om registrering og melding om vigsel § 1 punkt d gitt til ordførar og varaordførar. I tillegg har kommunestyret i Sogndal kommune i møte 19. desember 2019 gjort vedtak i sak 59/19 om at kommunedirektøren skal ha mynde til å gjennomføra borgarleg vigsel.