Planområdet og planavgrensing for varsling

Formålet med planarbeidet er endring av gjeldande reguleringsplan med mål om fortetting av to delområde innanfor gbnr. 19/1, 19/248 og 19/271 i Hodlekve, Sogndal kommune. Framlegg til planområde er om lag 114 daa.

SU ønskjer i tillegg å sjå på eit område som ligg på Fosskambrinden, som i dag er regulert til friluftsformål. Som del av konseptutviklinga vil SU invitere med seg ein eller fleire entreprenørar/utviklarar som seinare skal stå for utbygging av felta. 

Dei aktuelle areala (raud, lilla og blå skravur) utgjer ca. 25 daa og er planlagt regulert til konsentrert utbygging. Det er ikkje avklart kor mange nye einingar som planframlegget skal legge til rette for. Utbyggingspotensialet skal avklarast gjennom konseptutvikling i etterkant av planoppstart. Planområdet er lokalisert på Fosskambrinden og nordover mot Rinden. Sjå fig. 2 under. Planområdet er frå før prega av hytter og tilhøyrande infrastruktur. Alle dei avsette tomtene i gjeldande planar er no seld og bygd ut, med unntak av dei to tomtene som er del av lilla og raudt felt.

Meir informasjon

Referat frå oppstartsmøte

Planstatus

I gjeldande kommuneplan for området, arealdel til Sogndal kommune 2013-2023 er planområdet avsett til Kombinert bygningar og anleggsføremål.

Hodlekve er i gjeldande kommuneplan eit området avsett til Kombinert føremål fritidsbustadar, fritids- og turistføremål. Gjennom føresegnene til arealdelen er det krav om regulering, jf. omsynssone pkt. 4- 5. Reguleringsplanen skal vise korleis nettet at køyrevegar, parkeringsplassar, gang-/sykkelveg, alpinanlegg med skiheisar, turdrag/skiløyper heng saman og eventuelle behov for opprustingar/omlegging av vegane. Vidare følgjer det krav om at naturleg terreng og vegetasjon i størst mogleg grad skal takast i vare og at ein skal unngå skjemmande skjeringar, fyllingar og store terrenginngrep. Reguleringsplanar innanfor planområdet:

  • Hodlekve – Stedjekammen vedteken i 2007 (planid.: 1420- 20007006). I planen er området avsett til formålet fritidsbusetnad (H12) og friluftsområde (FRI2). 
  • Hodlekve – Rindabotn vedteken i 2019 (planid.: 1420-2016006). Planområdet omfattar tilnærma 7 daa av reguleringsplan. Denne reguleringsplanen skal erstatte delar av gjeldande reguleringsplan. 
  • Planområdet er tilsvarande som i reguleringsplan Hodlekve – Rinden vedteke i 2021 (planid: 1420-2016005). Denne reguleringsplanen skal erstatte gjeldande reguleringsplan.

Konsekvensutgreiing

Planarbeidet er vurdert til å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar, grunngjeving går fram av framleggsstillar sitt planinitiativ, og kommunen har slutta seg til vurderinga jf. referat frå oppstartsmøte.

Innspel til planarbeidet

For nærare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til:
Cornelis Erstad
mob. 410 43 715
e-post: cornelis.erstad@norconsult.com

Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du tilskriv:

Norconsult AS v/Cornelis Erstad
Campus Fosshaugane
Trolladalen 30
6856 Sogndal
cornelis.erstad@norconsult.com

Frist for innspel og uttaler er sett til 16.08.2024.

Alle mottekne dokument og innspel vil bli oppsummert, kommentert og sendt til Sogndal kommune saman med planframlegget.

Vidare planprosess

Når plankonsulent har utarbeidd eit komplett planframlegg vert det levert til 1. gongs handsaming hjå kommunen. Kommunen sitt faste utval for plansaker kan vedta å legge planframlegget ut til offentleg ettersyn og høyring i 6 veker. I høyringsperioden kan rørde partar koma med merknader og innspel.

Når høyringsperioden er slutt vert planframlegget eventuelt justert, og til slutt levert til 2. gongs handsaming hjå kommunen. Då vert planframlegget først handsama av kommunen sitt faste utval for plansaker og til slutt Kommunestyret som skal gjere det endelege vedtaket.

Plandokument