I fleire tiår har trafikkløysinga gjennom Sogndal sentrum vore oppe til diskusjon, og seinast i vår gav Statens vegvesen eit innspel til arealplanarbeidet om tunell bak sentrum. I folkemøtet får du kjennskap til prosessane som har vore og kva Statens vegvesen legg til grunn for sine vurderingar.
Me viser også kva moglegheitsstudiane seier om trafikksituasjonen. Eit panel som består av fagpersonar frå Sogndal kommune og Statens vegvesen vil svare på spørsmål og kommentarar frå salen. Ordførar Arnstein Menes oppsummerer møtet og peikar på neste steg for å lande ei løysing.
Invitasjon og program til folkemøte i Sogndal (pdf)
Sogndal kommune sende møtet direkte på nett-TV i samarbeid med Kent Fimreite i Hallo Sogn. Møtet kan du sjå i opptak i videoruta under:
Meir informasjon om arbiedet med arealplanen finn her: Bli med på å laga arelaplanen vår! og på utfordrarbygda.no
Presentasjonar: