Hovudmål direkte utslepp: Null direkte utslepp frå kommuneorganisasjonen i 2030
Delmål 1: Nullutslepp frå alle kommunale køyretøy og maskinar i 2030
Tiltak for å nå delmålet:
- Byte ut alle fossile bilar med el-bilar. Unntak må godkjennast av kommunedirektøren.
- Byte ut fossile bilar med elsyklar der desse kan erstatte bilkøyring i tenester.
- Planlegge og prioritere eit stort sykkelparkeringsløft ved kommunale bygg og sentrale knutepunkt.
- Etablere sykkelparkering under tak ved kommunale bygg og sentrale knutepunkt.
- Krevje nullutsleppsteknologi ved byte av kommunale maskinar og tyngre køyretøy. Prioritere biogass eller i verste fall innblanding av fornybar biodrivstoff der nullutsleppsteknologi ikkje er tilgjengeleg.
Delmål 2: Nullutslepp frå private og leigde køyretøy på kommunalt oppdrag i 2030
Tiltak for å nå delmålet:
- Vurdere å oppgradera lyd- og straumekvaliteten på alle digitale møterom i kontorlokale brukt av kommunen.
- Legge til rette for mindre pendling om mogleg.
- Etablere bil-poolordning for kommunalt tilsette for å redusere bruk av private fossildrivne bilar.
Hovudmål indirekte utslepp: Redusere indirekte utslepp frå kommuneorganisasjonen med 50% i 2030 samanlikna med 2021-nivå
Delmål 1: Redusere indirekte utslepp frå bygg og anlegg med 50% i 2030 samanlikna med 2021-nivå
Tiltak for å nå delmålet:
- Stille krav om utsleppsfrie (eller biogassbaserte) bygg- og anleggsplassar i kommunale prosjekt der det finst kommersielt tilgjengeleg teknologi.
- Utarbeide klimabudsjett og arealrekneskap for alle kommunale bygg- og anleggsprosjekt.
- Bruke klimavenlege materialar i kommunale byggjeprosjekt og vedlikehaldsarbeid.
- Unngå å bygge ned karbonrike areal som skog og myr.
- Etablere prosjekt saman med Luster kommune for å utarbeide ein felles metodikk for arealrekneskap i planarbeid, og innføre denne i arealplanarbeidet i kommunen.
- Unngå å bygge nytt om det ikkje er nødvendig ved å utnytte eksisterande bygningsmasse.
Delmål 2: Redusere indirekte utslepp frå vare- og tenestekjøp med 50% i 2030 samanlikna med 2021-nivå
Tiltak for å nå delmålet:
- Kommunen må lage ei god oversikt over langsiktige innkjøpsbehov og anskaffingsplanar for økonomiplanperioden.
- Stille krav om klima- og miljøvenlege løysingar ved alle innkjøp og anskaffingar.
- Stille klimakrav og ha minimum 30 % miljøvekting i anbodsprosessar.
- Etablere prosjekt for å lage ei eller fleire felles erklæringar om klimakrav ved anskaffing saman med så mange andre kommunar som mogleg i Vestland samt vere ein forutsigbar og tydeleg bestillar til næringslivet.
- Byte ut brøytestikker langs veg som er av plast.
- Etablere matsvinn-prosjekt i samarbeid med Luster kommune og Simas på kommunale institusjonar.
- Gjenbruke IT utstyr og sørgje for rett sortering av avfall når gjenbruk ikkje er mogleg.
Delmål 3: Ikkje auke indirekte utslepp frå transport og reiser i 2030 samanlikna med 2021-nivå
Tiltak for å nå delmålet:
- Velje reisemåtar som gir minst mogleg utslepp i samarbeid med leverandør av reiser.
Hovudmål indirekte utslepp frå energibruk: Redusere utslepp knytt til energibruk i kommunale bygg med 40 % i 2026 samanlikna med 2021-nivå
Delmål 1: Redusere energibruken gjennom energieffektivisering i kommunale bygg
Tiltak for å nå delmålet:
- Kartlegge og gjennomføre energieffektiviserande tiltak ved oppgradering av kommunale bygg i 2024 og i resten av økonomiplanperioden.
- Krevje tilnærma nullenergistandard ved planlegging og bygging av alle kommunale nybygg i 2024 og resten av økonomiplanperioden.
Delmål 2: Redusere utslepp frå energibruk gjennom fornybar energiomstilling i kommunale bygg
Tiltak for å nå delmålet:
- Kartlegge og gjennomføre energieffektiviserande tiltak ved oppgradering av kommunale bygg i 2024 og i resten av økonomiplanperioden
- Krevje nullutslepps energiproduksjon ved planlegging og bygging av alle kommunale nybygg i 2024 og resten av økonomiplanperioden
Hovudmål direkte utslepp i kommunen: Redusere direkte utslepp i kommunen med 60 % samanlikna med 2016-nivå
Delmål 1: 50% redusert utslepp frå privattransport, bussar, varebilar og tunge køyretøy samanlikna med 2016-nivå
Tiltak for å nå delmålet:
- Etablere prosjekt for grøn mobilitet i distrikta saman med Luster kommune.
- Arrangere sykkeldag for innbyggjarane
- Prioritere vinterbrøyting av gang- og sykkelvegar
Delmål 2: Redusere utslepp frå jordbrukssektoren med 71% samanlikna med 2016-nivå
Tiltak for å nå delmålet:
- Etablere lokalt prosjekt for å redusere utslepp frå gjødsellagring og - handtering.
- Stimulere til kjøp av el-køyretøy og elektriske arbeidsmaskiner og føre ei forvaltning som gjer at folk køyrer minst mogleg til dømes for å få tak i fôr og komme seg på beite
Delmål 3: Nullutslepp frå passasjerbåtar og cruisebåtar
Tiltak for å nå delmålet:
- Påverke til el-ferjer på Hella - Dragsvik - Vangsnes og nullutslepps hurtigbåt mellom Sogndal og Bergen
Delmål 4: Redusere utslepp frå maskinar som går på avgiftsfri diesel med 50 % samanlikna med 2016-nivå
Tiltak for å nå delmålet:
- Stille krav om utsleppsfrie (eller biogassbaserte) bygg- og anleggsplassar i kommunale prosjekt der det finst kommersielt tilgjengeleg teknologi
Delmål 5: Redusere utslepp frå avfallshandtering med 50 % samanlikna med 2016-nivå
Tiltak for å nå delmålet:
- Jobbe vidare med prosjektet Sirkulært klimasprang på Kaupanger industriområde.
- Arbeide vidare med utvikling av biohub Sogn for å stimulere til utvikling av grøn kompetanse i arbeidslivet.
- Etablere prosjektet sirkulære og berekraftige verdikjeder og ombrukstilbod i tettstadane saman med SIMAS, Sogn nærig og Sogn for alle.