NAV har ei nasjonal rådgivningsteneste på telefon. Her får du enkle råd om kva du sjølv kan gjera og kvar du kan henvende deg dersom du trenger mer hjelp.
https://www.nav.no/okonomi-gjeld#spor-NAV-om-rad

Du kan også ta kontakt på NAV sin chat om økonomi og gjeld her

NAV kontoret kan også hjelpe deg med økonomisk rettleiing. Har du vanskar  med å betale rekningar eller gjeld er det viktig å søke hjelp i tide.

Du kan få økonomisk rettleiing dersom du

  • Har problem med å få pengane til å strekke til
  • Har vanskar med å betale gjelda di
  • Ynskjer dialog og hjelp med å avklare/ få oversikt over din økonomiske situasjon

Kva tilbyr vi?

NAV-kontoret kan hjelpe deg med å få oversikt over økonomien din og sette opp eit budsjett. Du kan få hjelp til å:

  • finne ut korleis du kan få mindre utgifter
  • vurdere moglegheiter for å auke inntektene dine
  • unngå å bruke pengane dine feil
  • kontakte og lage avtalar med dei du skuldar pengar
  • skrive søknad om utsetting av betaling av gjeld
  • få opplysningar om rettar og pliktar
  • søke gjeldsordning
  • kontakte namsmannen

Korleis få tilbodet?

Ta kontakt med NAV-kontoret for å avtale tid for en samtale. Du kan ringe NAV kontaktsenter for å lage ein avtale med rådgjevar. Telefonnummer 55 55 33 33 dagleg mellom kl 09-15.

Du kan også ta direktekontakt med NAV Sogndal sin vakttelefon for sosiale tenester på telefon nr 907 997 24 dagleg mellom kl 09-15.

Kva må du ta med til møtet med NAV?

Det er lettare å gi gode råd og få oversikt over den økonomiske situasjonen dersom du tek med følgjande dokumentasjon på møtet:

  • Sjølvmelding og likning med skatteoppgjer frå siste året ( frå Skatteetaten)
  • Kopi av husleige- eller framleigekontrakt, eventuelt innbetalingsslipp for husleige
  • Lønnsinntekter og trygdeytingar dei siste tre månadane
  • Dokumentasjon på lån og kredittgjeld
  • Dokumentasjon på utgifter, til dømes til straum, forsikring, lege, barnehage og liknande
  • Dokumentasjon på ubetalte rekningar, inkassosaker, anna gjeld og liknande
  • Ta med bank -ID til bruk i kartlegging av økonomi

Dersom du har motteke begjæring om utlegg, tar du med denne. Det same gjeld dersom du har fått innkalling til forliksrådet.

Kontakt NAV