NB! Grunna fare for koronasmitte og tiltak vedtekene av Helsedirektoratat blir konferansen utsett til oktober.
Årets helsekonferanse i Vestland finn stad 23. og 24. april på Kviknes Hotel i Balestrand. Sogndal kommune er hovudarrangør, i samarbeid med Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester Hordaland og Sogn og Fjordane.
Konferansen skal:
- Vera ein møteplass for tilsette i helse og omsorgstenestene
- Vera ein møteplass for tenestene, brukarar og leverandørar
- Gje fagleg påfyll av aktuelle tema for tenestene
- Bidra til at nasjonale føringar når ut til praksisfeltet
- Bidra til at praksis og utdanningar går i same spor
Målgruppa for konferansen er tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene i kommunane og deira samarbeidspartnarar, pårørandeforeiningar og brukarorganisasjonar, politikarar, tilsette og studentar ved høgskule og vidaregåande skular i helse og sosialfag, næringsliv og leverandører av tenester og produkt – og andre interesserte.
Program, påmelding og praktisk informasjon finn du her (Oppdatert program med parallellsesjonar vil koma så snart det er klart)