Hovudmål:
Styrke den felles bu- og arbeidsregionen i Sogndal og Luster med klimaomstilling som fellesnemnar
Hovudstrategi:
Gjere klimaomstilling til ein utviklingskraft for bustad-, arbeids- og transportsamarbeidet mellom Sogndal og Luster
Delmål 1: Saumlaus ferdsel basert på nullutsleppstransport
- Strategi 1.1: Satse på utvikling av fysisk infrastruktur som legg til rette for nullutslepp
- Strategi 1.2: Bidra til utvikling av digital infrastruktur som gjer det lettare å reise utsleppsfritt
- Strategi 1.3: Stimulere til overgang frå fossildrivne til utsleppsfrie transportmiddel
- Strategi 1.4: Ha ein kunnskapsbasert tilnærming til nullutsleppstransport
- Strategi 1.5: Ta initiativ til samskaping i tilnærminga til nullutsleppstransport
Delmål 2: Eit arbeidsliv som fremjar grøn omstilling
- Strategi 2.1: Stimulere til utvikling av grøn kompetanse i arbeidslivet
- Strategi 2.2: Bidra til utvikling av sirkulære og berekraftige innovasjonar
- Satsing 2.3: Klimakrav i samhandlinga med næringsliv og landbruk
- Satsing 2.4: Me skal samarbeide om å redusere klimarisikoen i samfunnet
Delmål 3: Sosial bustadutvikling med lågt klimafotavtrykk
- Strategi 3.1: Utvikle grøn og strategisk kompetanse om bustadutvikling i kommunane
- Strategi 3.2: Vere pådrivar for ein tettare sentrumsutvikling med eit grønt og variert innhald
- Strategi 3.3: Legge til rette for sosial bustadutvikling gjennom samarbeid og kontakt på tvers
- Strategi 3.4: Jobbe for å minimere energiforbruket gjennom effektivisering og omstilling Strategi 3.5: Bidra til å redusere klimarisikoen for eksisterande og ny bygningsmasse