Norsk viltforvaltning skal skje innafor rammene av gjeldande lover og regler og internasjonale avtalar. Målet er at artane og deira genetiske mangfald skal takast vare på på lang sikt og at artane finnest i levedyktige bestandar i sine naturlege leveområder.
Kommunen skal leggja tilrette for ei lokal og langsiktig forvaltning av viltressursane utfrå nærings- og rekreasjonsformål, dyreomsyn, og at bestanden av storvilt ikkje fører til skade og ulempe for andre samfunnsinteresser.
Viltvakt
Viltvakttelefonen: 476 63 134
- Om det gjeld akutt sak i samband med søk etter påkøyrd hjortevilt eller anna vilt, skal du kontakte politiet på tlf. 02800 eller Sogndal ettersøkslag på 95 07 14 88.
- Om du skal sette i gang søk etter påskote hjortevilt, og ynskjer å nytte lys i mørket, skal du varsle kommunen på viltvakttelefonen. Du skal òg varsle grunneigar og politi på tlf. 02800 før søket tek til.
- Om du har gjennomført søk etter påskote hjortevilt, og du ikkje har fått avliva dyret innan kveld fyrste dag, skal du kontakte kommunen på viltvakttelefonen. Dette gjeld òg om dyret er kome inn i anna vald.
- Dersom du treng å snakke med kommunen om andre akutte saker som er knytt til hjort og anna vilt, skal du kontakte kommunen på viltvakttelefonen 476 63 134.
Ettersøksavtale for hjortejakta 2024
Alle som jaktar hjort skal ha tilgang til godkjend ettersøkshund. Sogndal ettersøkslag sine medlemmar har godkjende og registrerte ettersøkshundar, som har bestått prøvar i medhald av forskrifta.
Sogndal ettersøkslag tilbyr avtalar for jakta 2024 til vald som er lista opp i vedlegget under.
Viltfond
Hjortevald betalar inn fellingsavgift for felt hjort til viltfondet etter endt jakt. Kommunen handsamar søknader om tilskot frå det kommunake viltfondet. Forskrift om viltfond og kommunale retningslinjer avgjer kva tiltak som kan få støtte og kven som vert prioritert.
Vilt som gjer skade
Nokre gonger kan dyr vera plagsame eller gjera vesentleg skade på eigedom. Miljødirektoratet har laga ein rettleiar om vilt som gjer skade.
I denne rettleiaren finn du råd om kva du kan gjera viss du opplever dette som eit problem. Regelverket som dekkjer desse utfordingane finn du i viltforskrifta.
Jegerprøva
Som ny jeger må du jegerprøvekurs. Dette kurset er obligatorisk og på 30 timar. Etter kurs må du ha bestått eksamen før du kan utøve jakt og fangst. Kommunen organiserer eksamen. Etter bestått prøve vert du registrerte i Jegerregisteret.
Spørsmål om jegerprøvekurs?
Om du har spørsmål knytt til jegerprøvekurs, kan du ta kontakt med ditt lokale jakt- og fiskelag.
Jegerprøveeksamen
Kommunen organiserer eksamen. Eksamen etter endt jegerprøvekurs vert gjennomført elektronisk. Eksamensavgifta er 300 kroner per forsøk. Informasjon om kurs, eksamen og eksempelprøver finn du på jegerprøveeksamen.no
"Sett og skutt"
I appen Sett og skutt kan du rapportera frå jakt på elg, hjort, rådyr og villrein. Appen kan lastast ned for både iPhone og Android- telefonar. Etter at du har registrert deg fyrste gong kan du òg bruka appen utan internettdekning.
Slik skal du telja og føra sett hjort