Siktemålet med planen er å leggje til rette for ombygging av det tidlegare rådhuset til bustader og utoverretta verksemd (t.d. servering, frisør osb.), park og trafikkareal. 

Vedtak i kommunestyret 07.11.2024:

1. Detaljreguleringsplan for gamle Balestrand rådhus, arealplan-ID 4640-2022009 vert vedteke i medhald av plan- og bygningslova § 12-12, med plankart og føresegner datert 29.08.2024.

Grunngjeving for vedtaket:
Planframlegget legg til rette for fleire leilegheiter og utoverretta verksemd i Balestrand sentrum, med tilhøyrande offentleg park. Hovudproblemstillingane blir vurdert å vere tilfredsstillande løyst gjennom planprosessen.

Plandokument:

Alle dokument finn ein også i den politiske saka, sak 82/2024, vel vedlegg og vidare til dokumenta du vil sjå. I hovuddokument (saksutgreiing) kan du lesa kommunen si vurdering av saka. I saksprotokoll finn du sjølve vedtaket. 

Det er berre føresegner og plankart som vert juridisk bindande i ein reguleringsplan, og dette er difor dei viktigaste dokumenta. Illustrasjon er berre eit eksempel på korleis ein kan utvikle området.  

Plankart med føresegner og planomtale kan skrivast ut eller sjåast på kommunehuset i Sogndal, Gravensteinsgata 17 (Opningstid 10:00-14:00). Dersom du ønskjer kopi eller utskrifter, ta kontakt med tenestetorget på tlf. 57 62 96 00. 

Eventuelle klagar:
Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 tre veker, og sett til 5. desember 2024. Klage må rettast skriftleg til Sogndal kommune, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no  eller pr. brev til Postboks 153, 6851 Sogndal.

Erstatning/innløysing:
Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.