1. Sogndal kommune jobbar vidare ut i frå hovudgrepa i «konsept bustad og landbruk» med presisering:

Sone A:
• Sette av området til LNF (landbruk-, natur- og friluftsområde) i arealplanarbeidet for å sikre jordvernet 
• Ta ut området av planen, ved å justere plangrensa, for å unngå kostnader med arkeologisk registrering 
• Legge til rette for ein fortsetjing av fjordstien til Kløvhola og ein kopling på «Sogndalsrunden»

 

Sone B: 
• La landskapsryggen vere eit samanhengande grøntdrag frå fjord til fjell, som skaper ein «buffer» til landbruksjorda 
• Legge til rette for familiebustadar med ei utnytting som kan aksepterast ved tap av matjord og som tek omsyn til landbruket på gbnr 11/6, Aaberge mtp. høgde og skuggeverknad 
• Greie ut utforming av internveg: 

  • korleis avvikle farleg kryss og parkering ved Rones Barnehage o funksjon og utforming av vegen blir vurdert opp mot trafikk og mjuke trafikantar. 
  • sjå på korleis ein kan stenge Navarsetevegen for gjennomkøyring, og endra til gong og sykkelveg, med berre med innkøyring til eigedomane. 
  • korleis vegen kan realiserast økonomisk 
  • kva konsekvensar ein stenging av Navarsetevegen har for gbnr 11/1

• Greie ut utforming av internveg: 

  • kor breitt grøndraget bør vere for å skape ein god avstand til jordbruket og vere eit godt friareal, utan å fjerne for mykje av bustadarealet 
  • kor høg utnytting/ kor tett kan det byggast, samstundes som det er familiebustadar
  • moglegheit for parkeringskjellar
  • mogleg renovasjonsløysning
  • maks gesims- og mønehøgde skal fastsettast etter å ha sett vidare utgreiingar som t.d. sol- og skuggestudiar

 

Sone C:
• Vurdere om det er fornuftig med ei utviding av Rones Barnehage

• Vidareføre Folkehøgskulen

 

Sone D: 
• Legge til rette for kombinert formål (næring og bustad), med hovudvekt på bustad 

• Sikre koplinga mellom fjord og fjell 

• Maks gesims- og mønehøgde skal fastsettast etter å ha sett vidare utgreiingar som t.d. sol- og skuggestudiar 

• Legge til rette for eit framhald av fjordstien 

• Legge til rette for ålment tilgjengeleg areal langs fjorden 

• Greie ut moglegheitene for utviding av næringsareal mot fjorden.

 

Dokument i saka:
Saksframlegg
Saksprotokoll
Områdereguleringsplan Nestangen konsept Asplan Viak 23.10.23
Lokalklimarapport Nestangen
Referat ope medverknadsmøte Nestangen 01.11.23
Skriftlege innspel ope medverknadsmøte
Landbruksfagleg uttale – NES
Uttale frå vegavdelinga om områderegulering Nestangen
Areal til bustad i Sogndal tettstad
Arkeologi