Meld frå så snart som mogleg og seinast 8. september 2023 kl.10.00.
Ta kontakt med sentralbordet i kommunen på telefon 57 65 25 00 i opningstida.

To valmedarbeidarar vil komma heim til deg til avtalt tid og ha med seg nødvendig utstyr, inkludert eit røystesetelsett med listene til alle partia som stiller til val i kommunen og fylkeskommunen.
Veljarar som røystar heime må, som andre veljarar, kunna visa legitimasjon med namn, fødselsdato og bilete. Det vil ikkje vera mogleg å røysta heime på valdagen, måndag 11. september.