Plan for friluftslivets ferdselsårer skal gi nokre overordna prinsipp for korleis kommunen ønskjer å jobbe med tilrettelegging av tursti og turvegnettet i Sogndal kommune. Planen skal gi oss betre oversikt over tilstanden på stiar og turvegar i kommunen sine viktigaste friluftsområde, og foreslå utbetringar som byggjer på dei overordna prinsippa i planen. Målet er at me aukar kvaliteten på friluftsopplevingane til innbyggjarar og besøkande på ein berekraftig måte.
Planen vil fungere som eit verktøy ved planlegging og drift av nye og eksisterande ferdselsårer og skal vere eit hjelpemiddel i overordna planlegging og detaljplanlegging i kommunen. Tiltaka som planen foreslår kan følgjast opp som kommunale tilretteleggings- og investeringsprosjekt eller som samarbeidsprosjekt med frivillige organisasjonar og andre aktørar.
Frivillige lag og organisasjonar kan senda høyringsinnspel til postmottak@sogndal.kommune.no.
Merk e-posten med «Høyringsinnspel ferdselsårer».
Last ned presentasjon - Plan for friluftslivets ferdselsårer